Merete Hermansen Jonvik
Merete Jonvik bur og jobbar i Stavanger, som førsteamanuensis i sosiologi ved Institutt for medie- og samfunnsfag ved Universitetet i Stavanger. Ho underviser i tema som sosial ulikskap og materiell kultur. Forskingsområda hennar er hovudsakeleg innanfor kunst- og kultursosiologi.
Merete er med i programmet vårt: AVGANG/DEPONI.
Jonvik har saman med Eivind Røssaak, Hanne Hammer Stien og Arnhild Sunnanå gitt ut boka Kunst som deling, delingens kunst (2020, Fagbokforlaget). Boka omhandlar samtidskunstfeltet i Noreg etter 2010. I 2021 ga Jonvik, saman med kunstnar Hans Edward Hammonds, ut publikasjonen Samarbeid mellom små og store vesen, som skriv seg frå eit deltakarbasert kunst- og forskingsprosjekt der Jonvik og Hammonds utforskar kva som skjer når barn og vaksne samarbeider om å laga eit kunstverk, samt rapporten Infrastrukturelle undersøkingar. Ein rapport om Atelier Kunstnerforbundet, som var ei ekstern evaluering av atelier- og utviklingsprogrammet Atelier Kunstnerforbundet. Jonvik skriv fast for Contemporary Art Stavanger (CAS).